I Jorde
Hopp til navigering
Hopp til søk

I Jorde er eit dikt av Ingvald Langemyr. Det stod i Norsk Barneblad 4. april 1970.
I Jorde har dei so mange bilar,
det er visst fem eller seks det er.
Dei driv og skruvar og stundom filar,
for eitkvart gale er støtt på ferd.
Dei er så svarte av av sot og olje,
ja, plent som negrar frå Zululand.
Og ymse bildelar ligg på tunet
i fat og kassar og gamle spann.
Men dei i Jorde er vørde karar
hjå folk med bilar av ymse stand.
Det er så lettvint når bilen streikar
å gå til Jorde og få ei hand.
Og Jorde-gutane bryr seg ikkje
om dei vert svarte i fjes og hår.
Og om dei luktar av sot og olje,
kva gjer vel det, berre bilen går.