Hytta (Åraksbø)

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Hytta var ein liten husmannsplass under gardsbruket Urdi i Nedstoga i Åraksbø. Plassen blei frådelt i 1949 som Solheim (Bygland gnr. 27 bnr. 22).

Smeden Helleik Gulson Koppangen (f. 1806, d. 1885) var den første som sette opp hus i Hytta. Han kom til Åraksbø for å arbeide ved Koparverket på midten av 1840-talet. Han budde først i smeltehytta på sjølve verket. Men truleg sist på 1850-talet fekk han sette opp sitt eige hus kloss ved smeltehytta. Det var lite jord som høyrde til plassen. Helleik livnærde seg som oppsynsmann på Koparverket etter at det var lagt ned og som mylnar.

Sonen Olav Helleikson Hytta (f. 1860, d. 1941) overtok plassen etter at faren var død. Han livberga òg seg og familien som mylnar. «I hytta levde dei av å male for folk», er det sagt. Etter at Olav var død i 1941 overtok sonen hans Anders Olson Hytta plassen. Han heldt fram med å drive mølla som høyrde til plassen i nokre år. Han kravde i 1948 oreigning av grunnen, noko Bygland kommune gjennomførte i 1949. Plassen blei skild frå Urdi, og Anders gav den nye eigedomen namnet Solheim.

Kjelder

Kart

Laster kart ...