Hopp til innhald

Hovden barmarksrail

Frå Setesdalswiki

Hovden barmarksrail ligg like ved Hovden Skigymnas og er ein del av tilbodet til elevane på skulen. Anlegget vert og brukt av medlemmene i Team Tight. Anlegget vart opna 22. august 2013.

Initiativet til anlegget vart gjort av Svein Olav Lien og Jøran Ulltang, som er trenarar ved snowboard/twintip-linja på Hovden Skigymnas. I tillegg var Pål Berntsen ein av arkitektane bak anlegget. Sponsorar for prosjektet har vore Montèr Hovden, Hovden Hytteservice, Knut Hovet, T. Bjørnarå og Hovden Golfklubb.

Kjelde