Horverak bryggje

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Horverak bryggje 19. september 2021.

Horverak bryggje er ei av bryggjene som dampbåten Bjoren nytta i den tida båten gjekk på Byglandsfjorden. Det var i alt 14 slike bryggjer. Då vegen rundt Fånekleiva var ferdig i 1923, kom det bilrute på austsida, men framleis nytta folk på vestsida båten. Dei eldste bryggene rundt fjorden var kassebygde, sette saman av lafta kassar som var fylte med stein. Framleis finn ein restar av denne bryggja på Horverak.

I 2005 fekk Sigbjørn Horverak, som var grunneigar for Horverak brygge, Eystein Greibrokk til å restaurere bryggja etter mange års forfall.

Kjelder

Kart

Laster kart ...