Hornnes Gamleheim 40 år
Hornnes Gamleheim 40 år er foredraget Erik Kjebekk heldt hausten 1994 då Hornnesheimen var 40 år. Det står i heftet Minne frå ei svunnen tid, som vi har fått legge ut på Setesdalswiki.
Hornnes Gamleheim 40 år
I haust (1994) er det 40 år sidan Hornnes Gamleheim stod ferdig og vart teken i bruk. Til saman 14 kvinner og menn flytte alt før årsskiftet inn på Gamleheimen. Då var så å seie kapasiteten maksimalt utnytta. Den fyrste personen vart innskriven 1. november 1954. Ein av dei 14 budde på Gamleheimen i 24 ½ år, ein annan i 21 ½ år. Det er ein temmeleg lang bolk av levealderen til eit menneske. Fram til dags dato har 336 kvinner og menn budd i kortare eller lengre periodar på Gamleheimen. Dei nakne tala viser at Gamleheimen i høg grad har fylt plassen sin.
Til opningsfesten 31. oktober 1954 kom det mykje meir folk enn dei som stelte til festen, hadde rekna med. Den store tilstrøyminga var eit synleg teikn på at honndølane var glade i og byrge av den staselege aldersheimen dei hadde fått reist. Dette kjem også fram i prologen Olav A. Tveit hadde skrive til opningsfesten. Eg siterer her det fyrste verset:
Ja dette er heimen me bygde i lag
Solfylt og stasleg i rom og salar.
Her skal bli kvile frå slitsam dag
For gamle trøytte, kvinnor og karar.
Sjå kor det lyser! Ja her det klart
At pengar og hjartelag ikkje er spart.
Mange gamle trøytte kvinner og menn har i dei 40 åra som no er lidne, møtt varme, omsut og kjærleik her på Gamleheimen. Og eg legg til: det skulle bare mangle! Det høyrer med til eit av dei aller viktigaste kjenneteikna på eit kulturfolk at dei gamle får ein best mogeleg alderdom. Eg skal i denne artikkelen take fram nokre viktige moment i utviklinga av Hornnes Gamleheim fram til i dag. Eg legg størst vekt på forhistoria og dei fyrste åra.
«Eit kjærleiksarbeid av høgaste rang»
Den som fyrst sådde tanken om ein gamleheim i Hornnes, var kanskje Marte Abusdal som var hushalderske for presten Torleif Homme. Etter det eg har høyrt, laga ho heilt attende til 1920- og 1930- åra kvart år ei fint oppkledd dokke som ho lodda ut. Pengane sette ho på bok, dei skulle nyttast til å få reist ein gamleheim. Det mona vel ikkje større økonomisk, men denne verksemda gjorde mykje til at tanken mognast og slo rot mellom folk.
Etter krigen var det Sanitetsforeininga (Helselaget) på Hornnes som gjekk i brodden for å få bygd gamleheim i bygda. 1. februar 1946 sette styret i Saniteten ned ei nemnd som skulle ordne med bygging av gamleheim. Og i eit styremøte om hausten same året vedtok laget at dei ville vere åleine om bygginga, men søkje heradstyret om pengestøtte.
Når Saniteten meinte dei var i stand til dette tunge løftet, hadde det truleg bakgrunn i at laget tidlegare på året hadde motteke ei testamentarisk gåve frå Olav Risdal på kr. 20 000,-. Det var mange pengar den gongen. Men dei trong sjølvsagt ein langt større sum til å reise ein gamleheim. Difor sette dei i gong pengeinnsamling. På årsmøtet i Saniteten i 1947 vart «Gamleheimsspursmålet» drøfta, og det blei understreka at bygdefolket «laut ta djupt i pungen når ein samla inn til dette fyremålet».
Etter kvart vart det likevel klart at skulle dei makte å reise ein gamleheim, måtte kommunen meir aktivt vere med. På denne tida blei det også kjent at Evje arbeidde med spursmålet om å få til ein gamleheim. Dei to kommunane valde ei felles nemnd som skulle sjå på spursmålet om dei kunne gå saman om å byggje ein slik institusjon.
Samarbeidet om gamleheim lukkast ikkje. Evje ville plassere gamleheimen på austsida av Otra. Hornnes ville helst ha han i Dåsnesmoen, men dei kunne også gå med på plassere han på Birkeland.
Dette var bakgrunnen til at heradsstyret i Hornnes kalla saman til eit folkemøte i Hornnes bedehus 27. april 1952. Ordføraren i Hornnes, Olav A. Fennefoss, opna ordskiftet og sa då mellom anna: «Å reise ein gamleheim er eit kjærleiksarbeid av høgaste rang.» Han meinte Hornnes burde bygge gamleheim åleine og han kunne opplyse at det såg ut til at heimen ville koste om lag kr. 150 000,-. Men kommunen ville ikkje sette seg i gjeld. Difor måtte halvparten av byggesummen skaffast gjennom gåver.
Dei aller fleste som hadde ordet på folkemøtet, tala for at Hornnes burde vere åleine om å reise aldersheimen. Avrøystinga viste at dette synet fekk stort fleirtal. Folkemøtet vedtok også at heradsstyret skulle utpeike ein mann i kvar krins til å gå med ei liste i kvart hus der folk kunne teikne seg for arbeid, tømmer og pengebeløp. Men føresetnaden var då at heimen skulle ligge i Hornnes og at han måtte vere bygd innan tre år.
Gamleheimen vert bygd
No kom det fart i saka. Ei byggenemnd med Notto T. Dåsnes til formann vart oppnemnd. Nemnda arbeidde raskt. Tomt vart skaffa på eigedomen til Abusdal i Dåsnesmoen. Arkitekt Gabriel Tallaksen i Kristiansand fekk i oppdrag å teikne bygget. Kostnadskalkylen på eit bygg med plass til 15 pensjonærar var på kr. 250 000,-.
I eit intervju som Agder Tidend hadde med Notto T. Dåsnes 30. mai 1953, seier han mellom anna: «Det er klårt at det er naudsynt med gamleheim her i bygda. Det er mange gamle i Hornnes som ikkje har slektningar til å hjelpe seg, og framand hjelp er umogeleg å få. Det er slike som fyrst og fremst vert hjelpte nå.» --- «Der skal dei gamle kjenne seg heime. Dei skal få det stellet dei treng og ikkje føle dei er ei bør for nokon.»
Notto T. Dåsnes fekk no mykje å gjere med organiseringa av den store dugnadsinnsatsen. Eg kjenner ikkje til alt som vart gjort på dugnad. Eg skal berre nemne at tømmeret som bøndene hadde gjeve, vart skore på saga til Torkell Brandsdal. Han stilte saga gratis til disposisjon. Arbeidarane på saga gav tre dagsverk kvar til skjering av tømmeret. Gamleheimstomta vart rydda og gravd ut på dugnad. Folk stilte opp med trillebårer, hestar og forskjellig reiskap. Alle gåvene til gamleheimen saman med den store dugnadsinnsatsen er synlege teikn på at honndølane verkeleg var tende på å få reist bygget.
Som nemnd ovanfor, stod bygget ferdig hausten 1954. Notto T. Dåsnes hadde stått for oppsettinga av murane og snekkararbeidet var gjort av Tobias Kallhovd og arbeidsgjengen hans. Den endelege byggesummen vart på om lag kr. 300 000,-. Tek me bygningen i augnesyn i dag, står stort sett fasaden frå fyrste byggesteget utan større forandringar, det gjeld huset i to etasjar med fronten mot elva og fløyen bak. Samstundes vart den raudmåla uthusbygningen som no er bustadhus, reist.
Frå dei fyrste åra
Så var Gamleheimen i drift. I 1950-åra var dei vanlegvis fire heiltidstilsette: styrar, kokke og to tenestejenter. Alle tilsette hadde buplikt på heimen. Faste nattevakter var det ikkje den gongen. Trong ein av dei gamle tilsyn om natta, måtte dei som budde i huset, hjelpe til. Det hende ikkje sjeldan at dei måtte overnatte på ein madrass i ein krok på romet til den sjuke. Og ringeklokka larma på gangen utanfor roma til dei tilsette. Alle vakna difor når ein av dei gamle trong hjelp om natta.
Dei fyrste åra blei det lagt vekt på å vere sjølvforsynte så langt råd var. Attmed Gamleheimen hadde dei potetåker. Kvar vår kom ein av bøndene i bygda med hest og gjorde våronna. Oftast var vel det Olav A. Fennefoss. Rips og solbær plukka dei tilsette på bærbuskar i hagen. I skogen fann dei blåbær og tyttebær. Dei var også heilt til Moseid og plukka eple. I uthuset hadde dei gris og høner. Gris hadde dei heilt fram til 1972.
Rigmor Heggtveit kan hugse at ho i 1958 hadde ei månadsløn på kr. 200,-. Av løna vart det trekt kr. 70,- for kost og losji. I 1959 gjekk ho og ei anna tenestejente opp til Olav A. Fennefoss og bad om lønsauke. Jau, dei fekk eit tillegg på kr. 50,- i månaden. Og fornøgde vart dei.
Nybygget
Evje kommune fekk ikkje bygd eigen gamleheim. Fleire gamle frå Evje og andre kommunar oppetter dalen budde på Hornnes Gamleheim i 1950-åra. Men då Evje og Hornnes vart slegne saman til ein kommune frå 1. januar 1960, innsåg ein straks behov for å utvide Gamleheimen. Ei byggenemnd vart sett ned, også denne gongen med Notto T. Dåsnes til formann. Gabriel Tallaksen fekk også denne gongen i oppdraget å planlegge og teikne nybygget.
Denne gongen vart så å seie alt arbeidet sett bort til enteprenørar. O.A. Greibrokk stod for utgravinga av tomta og Tor Berg var hovudentreprenør både for grunnmuren og sjølve trebygningen. Det som då vart bygt, er det såkalla nybygget, eller Evje-fløyen. Huset som vender mot elva vart gjort lenger, men berre i ei høgd. I tillegg vart det reist ein ny fløy mot sør-vest. Ytre sett vart då Gamleheimen stort sett sjåande ut slik han ser ut i dag.
Nybygget kosta om lag kr. 600 000,-. Det inneheldt 18 nye rom og stod ferdig til innflytting 1. juli 1962. Mellom nokre av roma var dør slik at ektepar kunne nytte det eine romet til å sove i og det andre til opphaldsrom. Gamleheimen hadde no rom til 32 pensjonærar. Men før Sjukeheimen vart bygt på Evje, hende det ikkje sjeldan at opp mot 40 pensjonærar budde på heimen. Dei sprekaste vart då for kortare periodar plasserte i andre høgda og i tenarbustaden. Nokre av dei tilsette flytte over i tenarbustaden som vart bygd like etter at nybygget var ferdig. Det var også Tor Berg som stod for oppsettinga av tenarbustaden.
Tenarbustaden var også tenkt som bustad for styraren på Gamleheimen. Men ingen styrar har budd der. I mange år vart ein del av tenarbustaden utleigd til feltpresten og huslyden hans. Også gymnasiastar leigde rom her.
Eit liv i teneste for andre
Mange har gjort ein stor innsats for Gamleheimen. Det gjeld særlig mange honndølar. Mange har site i ulike styre og nemnder og gjort ein aktiv innsats der. Mange har vore med på dugnader. Forskjellige lag og organisasjonar har møtt trufast fram og gjort det hyggeleg for dei gamle. Sjølv arbeidsstokken på Gamleheimen har vore stabil i dei 40 åra som no er gått sidan starten, har likevel mange hatt sitt arbeid her i kortare eller lengre periodar.
Mange skulle ha vore nemnde med namn. Det kan eg ikkje gjere her. Likevel finn eg det naturleg å nemne tre personar. Det er Gudrun Bjorå, Borghild Frøysaa og Anne Haugen.
Gudrun Bjorå vart tilsett som styrar i 1965 og hadde denne stillinga til ho vart pensjonist i 1980. Før henne hadde Anna Birkeland, Berta Eikeland og Gunvor Ose (no Flateland) hatt dette arbeidet. Då Gudrun gjekk av i 1980, vart ho etterfylgd av Laila Siljan (no Kleggetveit). Men ingen har hatt ei så lang «fartstid» i styrararbeidet som Gudrun. I alle år budde ho i andre høgda på Gamleheimen. Regulert arbeidstid kjente Gudrun snaut til. Seint og tidleg stod ho på for å gjere det best mogeleg for dei gamle. Stille og fint gjekk ho mellom dei. Dei var glade i henne og ho var glad i dei.
Borghild Frøysaa arbeidde ved Gamleheimen i 25 år. Ho var tilsett som nattevakt, men hadde stundom også dagvakter. Borghild har vist stor omsut for dei gamle både i arbeidstida og på fritida. Dette gjeld forresten ikkje berre dei gamle på Gamleheimen. Mange eldre i kommunen set stor pris på Borghild når ho kjem køyrande med middagsmaten. Med berre ei køyregodtgjerdsle og utan løn har ho no drive matombringing i kommunen heilt sidan 1976. Det er godt at det framleis finst slike personer i eit samfunn som på mange måtar er blitt upersonleg, kaldt og hardt trass i all velferden me nyt godt av. Dei eldre vert ofte den svake parten i velferdssamfunnet vårt.
Maten blei fyrst køyrd ut frå kjøkkenet på Gymnaset og seinare frå kafe på Evje. Etter 1989 har Ove kokk på Gamleheimen kokt den gode maten.
Mange av dei som arbeider på Gamleheimen i dag, har vore her lenge. Men Anne Haugen har arbeidd her lengst. I heile 28 år. Etter det me kan sjå, er det ingen som i løpet av dei førti åra har arbeidd her så lenge som Anne. Anne har eit godt lag med dei gamle. Og dei gamle set stor pris på henne.
Ombygging av Gamleheimen
I 1978 stod Sjukeheimen på Evje ferdig. Presset på Gamleheimen vart då mindre. Ei viss ombygging av Gamleheimen fann stad alt i 1979 ved at romkapasiteten blei bygd ned til 26 einmannsrom. I tillegg vart det innreidd ei arbeidsstove og eit nytt kontor. Arbeidsstova har utan tvil hatt mykje å seie for mange pensjonærar på Gamleheimen. Dei som har helse til det, kan her gjere noko meiningsfylt i staden for å sitje med hendene i fanget. Dagane blir ikkje så lange då.
Etter det eg veit, var det særleg Husmorlaget som var pådrivar for å få til ei arbeidsstove på Gamleheimen. Og både Husmorlaget og Saniteten møtte kvar veke på Gamleheimen og var med og pensjonærane med å lage forskjellige ting. Fyrst i 1980 fekk arbeidsstova fast aktivitetsleiar som var der nokre timar kvar veke. Solveig Thorsen var den fyrste tilsette i dette arbeidet.
Tidleg på 1980-talet kom gamleheimsbasaren i gong. På den årvisse basaren vert mange av dei tinga som er laga på arbeidsstova, lodda ut. Pengane går til å dekke forskjellige aktivitetar på Gamleheimen.
På 1980-talet innsåg ein at ei ombygging og modernisering av den eldste delen av Gamleheimen var heilt påkrevd. I februar 1988 var dette arbeidet ferdig. Kjøkkenet, spisesalen og inngongspartiet var då nytt. Harald Tjessem var hovudentreprenør for dette arbeidet. Dei roma som var att i den eldste fløyen, blei ombygde til tre leilegheiter. 17 rom med plass til 17 pensjonærar var att. I leilegheitene bur det no pensjonistar. Også tenarbustaden og uthuset som for nokre år sidan blei ombygd til bustadhus, vert utleigd til pensjonistar. Dei har ikkje anna tilknytning til Gamleheimen enn at dei kan få kjøpt mat her og kan elles take del i det sosiale livet på huset.
I dag bur ingen av dei tilsette på Gamleheimen korkje i andre etasjen eller i tenarbustaden. Også det er eit teikn på at tidene skiftar.
Eldreomsorga i forandring
Omsorga for dei gamle har skifta gjennom tidene. I det gamle bondesamfunnet budde dei gamle heime til sin siste dag. Dei vart då stelte av dei yngre i familien. Mange gamle opplevde nok dette som trygt og godt. Men slett ikkje alle gjorde det. Me skal idealisere fortida og tru at alt var så mykje betre då. Mellom dei gamle og dei unge kunne forholda vere alt anna enn godt. Ikkje sjeldan fekk dei gamle høyre at dei berre var ei bør i huset. Og kva med dei som ikkje hadde slektningar eller hadde råd til å leige hjelp? Dei måtte ut på legd. Korleis mange av dei hadde det rundt på gardane, kan me snaut tenkje oss! Eit levende bilete av dette har fleire forfattarar gjeve oss i sine skjønlitterære verk.
Gamleheimar, sjukeheimar, eldrebustader og heimesjukepleien ar alt saman viktige tiltak for å hjelpe dei gamle og sjuke. For nokre er det naturleg å vere heime til sin siste dag, for andre ikkje. Det viktige må vere at me har eit så variert tilbod til dei eldre at det høver med den livssituasjonen dei er i.
Eldreomsorga i vår kommune er nett no i støypeskeia. Kva funksjon Gamleheimen vil få i framtida, veit eg ikkje. Eg skal ikkje kommentere dei framtidige planane for eldreomsorga. Til det kjenner eg dei for dårleg. Men eg vil gjerne minne oss alle – planleggjarane og politikarane inkludert – om eit ord frå den gamle boka som har vore kulturgrunnlaget, også når det gjeld eldreomsorga, i snart tusen år: «Du skal reisa deg for dei grå hår og visa dei gamle ære. Du skal ha age for din Gud. Eg er Herren» (3. Mos 19:32).
Å ære dei gamle vil seie å gje dei den omsorg dei til ei kvar tid treng. Dei som er gamle og sjuke, treng støtte og hjelp av forskjellig slag. Denne omsorga må framfor alt anna vere prega av kjærleik og varme. Praktiske bygningar og gode tekniske hjelpemiddel må aldri bli ei erstatning for «ei hand å halde i». Ved å gje dei gamle ein god alderdom er me med på å betale noko av den gjelda me står i til generasjonen før oss.
- Foredrag halde på 40 års festen for Gamleheimen hausten 1994