Hommelunden (Valle gnr 28)
Hommelunden er ein gard (gnr. 28) i Homme i Valle. Han høyrer til Nørdre Homme, eller Nordigard, saman med Gråmannshus. Han er den garden i Homme som har størst skyld; sju huder etter gamal reikning.
Historie
Hommelunden har vore eigen gard heilt frå før Svartedauden (ca år 1350). Same mannen, Ånund Taraldsson Homme, eigde garden det meste av andre halvdelen av 1500-talet og eit stykke ut på 1600-talet. Mellom 1609 og 1613 ser det ut til at to søner overtok garden. I 1626 kom det til ei viktig semje melom tre søner og ein soneson etter Ånund Taraldsson. Garden blei delt i fire jamnstore bruk mellom dei. Den eine av partane blei så delt ein gong til, på andre halvdelen av 1600-talet. Ein fekk då dei fem hovudbruka, som det seinare har vore på garden. Seinare har det vore ein del mindre frådelingar av eigedomar. I 1981 var det 23 bruksnummer i garden.
Kjelder
Alfred Ryningen, Valle kommune V Gards- og ættesoge Valle, utgjeve av Valle kommune, 1987, side 455-547