Hodne sag

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Suggehølen med Hodne sag t.v. 17. juli 2022.

Hodne sag er eit sagbruk ved Suggehølen i LindånaVestre Hodne i Hornnes.

Historie

Det var sag på Hodne truleg frå midt på 1800-talet ein gong. Saga hadde fleire eigarar opp gjennom åra. Ho blei til slutt seld til Åsulv Hannås, som flytta ho opp til Moi. Der brann saga ned. Midt i 1940-åra kjøpte Tomas Hodne ny rigg, og sette opp saga der ho opphaveleg hadde stått. Då var saga drive med vasskraft. Seinare kom straumen til Hodne, og saga blei bygd om til elektrisk drift. Samstundes blei ho flytta noko nærare garden.

Etter dette fekk saga ein blømingsperiode. Ho var i drift i fleire år, og opp til ni mann arbeidde her. Produksjonen var mest stav, men også mykje kassebord til sildekassar og bygningsmaterialar. Etter kvart sank etterspurnaden etter stav, og aktiviteten på saga minka.

Kjelder

Kart

Laster kart...