Her ligg mi bygd og smiler
Hopp til navigering
Hopp til søk
Her ligg mi bygd og smiler er ein sang som Svein Hovet skreiv om Hylestad. Den nyttar melodien At far min kunne gjera. Kari Bjørgum sa i ein kommentar at ho ikkje kjente til at sangen har vore nytta noko.
- Her ligg mi bygd og smiler
- med toppar, tind og skar,
- med sus frå tunge skogar
- om tun og gamal gard.
- Her stig det mjuke tonar
- mot blanke berg og sva
- der er ei hymne forma
- til deg, mitt Hylestad.
- Mi bygd med dyre minne
- som drog meg dag og kveld,
- du har min lengt mot høgda
- når hugen brann som eld.
- Du lindra tunge tankar
- som løyste seg i kvad
- så eg fekk atter kjenna
- mitt band i Hylestad.
- Mi bygd, du gjev det best
- i stilla og i storm,
- når nye ætter famlar
- og leitar etter form.
- Kring deg vil tankar leika
- i song og spel og kvad
- eg veit at mine røter
- går djupt i Hylestad.
Kjelde
- Sangark frå Hylestad skule.