Helsing til Jens og Olav
Hopp til navigering
Hopp til søk
Helsing til Jens og Olav er var eit dikt av O.S.M.
Teksten
Jens og Olav er bønder båe
med brann i blodet og skriveklåe.
Mellom lærde menn held dei også mål
i gresk, latin og politisk gnål
Jens er jurist og Olav lektor,
dei strevar trufast i kvar sin sektor.
Men deira hobby er stell med smale
som av og til kan gå noko gale.
Hjå Klevelanden er lambi bjarte,
på Haugland vert dei som syndi svarte.
So granska ætti me prøva skal
for Jens fekk rungver frå Åseral.
Ja, Jens og Olav er klade kallar
som meir enn gjerne med godtfolk svallar.
Og deira kunnskap og gamle soga
dei delar gjerne med folk i stoga
No er eg gamal, gjeng snart til ro,
men kjært er minni om båe tvo.
Dei leikar ofte i hugen min
alt som eg eldest og åri svinn.
Kjelde
- Setesdølen nr. 75, 1980 side 6