Hopp til innhald

Heimigard Bø

Frå Setesdalswiki

Heimigard Bø er eit gardsbruk (Valle gnr. 55 bnr. 3) på matrikkelgarden Nørdre Bø i Valle. Heimelshavar (2026) er Olav Kåre Bø (f. 1971).

Det er ikkje lenger stogehus på Heimigard. Olav Kåre Bø er også heimelshavar til Syndre Bø, bnr. 2. Han driv dei to gardsbruka saman.

Bonden på Heimigard, Ånund Olsson Bø (f. 1745, d. 1793), og sonen Torleiv Ånundsson Bø (f. 1772, d. 1793), døydde begge i det store raset som gjekk over Bø i 1793.

Kjelder

Kart