Hopp til innhald

Haukelitunnelen

Frå Setesdalswiki
Haukelitunnelen ved Dyrskar 1. august 2026.

Haukelitunnelen er ein tunnel på E134 i Ullensvang kommune i Vestland. Tunnelen går mellom mellom Pepparsteinen og Midtlæger.Han er 5 682 meter lang og blei opna i 1968.

Haukelitunnelen var den lengste vegtunnelen i Noreg heilt fram til Høyangertunnelen blei opna i 1982.

Eigentleg er Haukelitunnelen to tunnelar, Pepparsteintunnelen og Dyrskartunnelen. Dei to tunnelane er bygde saman ved Dyrskar. Høgda over havet er 1 085 moh ved vestre opninga og 995 m ved austre.

Fotgjengarar og syklistar må ikkje ferdast i Haukelitunnelen. Dei må bruke den gamle riksvegen over tunnelen, som er open om sommaren.

Kjelder

Kart