Haugen (bnr. 18, Austad)

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Haugen (Gnr. 13 bnr. 18) er ein av dei sydlegaste gardane på Nordre Austad i Bygland. Den ligg nordvest for Hækni (Gnr. 13 bnr. 10) og rundt 500 meter nord for den gamle kyrkjegarden, på Hæknehaugen sin vesthelling. Garden har 10 øre landskyld, og var i 1956 på ca åtte dekar, av desse var fire dyrka, og dei hadde ei ku, ein gris og to sauer[1].

Panteboka fortel at Jorid Bjørgulvsdotter Skomedal, enkja etter Gunstein Sveinungson Skomedal på Hækni, let luten skilje ut frå garden 29. april 1935. Ho dela då garden mellom dei to levande døtrene sine, Tone og Birgit. Lutane var omtrent like store, og Haugen gjekk til den nest yngste dottera Birgit og mannen Knut Olavson Haugen. Skyldskiftet vart stadfest 13. mai 1935[2]. Våningshuset vart bygd i 1944, og fjøs, stall og løe året etter[3].

Fyrst i 1973 fekk Birgit og Knut grunnboksheimel på garden, og same året gjekk garden over til sonen Olav. I 2003 kjøpte Andres Hallvardson Helle og kona Inga Bjørg Tarkjelsdotter Austad Haugen.

Eigarar

Gunstein Sveinungson Skomedal, og seinare kona Jorid Bjørgulvsdotter Skomedal, på Hækni[4].

  1. Birgit Gunsteinsdotter Austad og mannen Knut Olavson Haugen (1935 – 1973)
  2. Olav Knutson Haugen (1973 – 2003)
  3. Andres Hallvardson Helle (2003 – )

Fotnoter

  1. Bolling, Reidar (1956), side 84.
  2. Protokollnr. 30, sak 26/13-5-35 (3 sider).
  3. Bolling, Reidar (1956), side 84.
  4. Vollen (2005), side 173.

Litteratur

Protokollar på Digitalarkivet.no