Hans Thore Løvaas
Utsjånad
| Hans Thore Løvaas | ||
|---|---|---|
| Født: | 25. juni 1945 (80 år) | |
Hans Thore Løvaas (fødd 25. juni 1945) var misjonsprest i Bangladesh i 12 år, der han hadde teneste for Santalmisjonen hos khasiane i Sylhet. Han har utdanning frå Fjellhaug misjonsskole og vart ordinert i 1970. Etter tenesta i Bangladesh var han rektor på Gå Ut-senteret i Hurdal frå starten i 1983. Så kom han til Santalmisjonen sitt hovudkontor i 1989, der han var personalkonsulent, så vart han misjonssekretær i 1993 og generalsekretær i 1999 under fusjonen med Normisjon. Der vart han leiar av internasjonal avdeling etter fusjonen. Han har også vore leiar for Norsk Råd for Misjon og Evangelisering (Norme).
Familie
Hans Thore Løvaas var gift med Anne Helene Løvaas. Dei fekk barna Odd Gunnar Løvaas, Kari Løvaas og Per Arne Løvaas.
Kjelder
- Presteboka 2000 side 345
- Kjetil Vestel Haga: Hans Thore Løvaas 80 år. Fødselsdagsomtale i Vårt Land 26. juni 2025 side 20