Hallvard Eldhuset til minne (PV)

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Hallvard Eldhuset til minne

Av Paal Vollen (PV), 1976


Dødsbodskapen om Hallvard Eldhuset kom ikkje uventa. Eit halvt år hadde han gått med ein lei sjukdom, som det ikkje var råd for. Likevel, det er som om noko frå sjølve grunnfjellet i Setesdal no er borte. Att står vi og ser merkjet etter ein varde som var tent, og alltid hadde så mykje å bere fram til alle menneskje.


Hallvard Eldhuset var født 9. juni 1914. Med uvanleg rike evner og umåteleg sterk vilje vaks han opp, gjekk befalsskulen i Kristiansand, tok deretter artium og lærarskulen og stod nå midt oppi livsgjerninga i Bygland som skulesjef. Kommunale og private tillitsverv har han hatt i mengder, så det mest ikkje var att noko utan at han på ein eller annan måte hadde vore borti det.


Sundagsskulen, mållaget, Jol i Setesdal og mange andre små og store ting, som han ofra av sitt overskot. Når jula nærma seg, var han å finne på preikestolen i kyrkjene, der han bar fram det glade bodskap saman med hornmusikken, som spela jola inn.


I år står plassen hans tom, og saknaden kjem, og minne vert atter levande. Det er liksom Setesdalen ikkje hadde råd til å miste Hallvard Eldhuset. Han hadde ennå så mykje ugjort, som den fine mannen og store idealisten han alltid var. Aldri at han nokon gong kunne gjere ein ting betre enn det grundige arbeidet, som han la ned. Det særprega alt arbeid, og noko halvferdig sleppte han aldri ut av hendene.


Som journalist, forfattar og lyrikar hadde han og mykje å gje. Dei mange stykkje hans i Fædrelandsvennen, andaktane i Setesdølen, kyrkjebladet og elles i bøker og tidsskrift er reine perler å lese og vil for alle tider minne om det han var.


Kanskje i haust at han kjente at det bar mot slutten. I joleheftet, Jol i Setesdal, som han var med og redigera, står det eit dikt av han, kalla «Kvinnehender», og det var nok mor hans han tenkte på. I siste verset heiter det om desse hendene: «Dei stør meg det siste stykkje, i grånande alders år, dei bur meg til atferdsdagen, skal turka den siste tår».


Fred over Hallvard Eldhuset sitt minne.


Kjelde