Høgefoss bru
Hopp til navigering
Hopp til søk

Foto: Geir Daasvatn
Høgefoss bru er ei steinkvelvbru, 37 meter lang, over Nidelva på Høgefoss sør i Nissedal. Kvelven er relativt låg i forhold til lengda. Han vart difor konstruert som ein ledda boge. Brua er truleg den første i sitt slag i Norge, og den største på jernbanen mellom Åmli og Treungen. Ho ligg 82,9 km frå Arendal.
Kjelder
- Nissedal kommune, plakat ved brua