Håhellervadet

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Håhellervadet var ein stad der ein kunne kome over Kvina like ved Håhelleren heilt vest i Hylestad.

Så lenge det budde folk ved Håhelleren hadde dei jobben med å ro folk over elva her. Etter at dei var flytta frå måtte vegfarande klare seg sjølve. Det skulle alltid ligge ein pram på kvar side til dette bruket. Men nokon slurva med det. Då måtte ein vade over elva.

Sonen til Bjørguv Uppstad og Sigrid Tveiten, Olav, drukna ved Håhellervadet i 1846. Etter det orka dei to foreldra ikkje å bu i Brokke lenger. Dei flytta til Gautestad i Evje.

Kjelder

Kart

Laster kart ...