Gunlaug Tveiten

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Gunlaug Tveiten
Født: 27. februar 1957 (69 år)

Gunlaug Tveiten (fødd 27. februar 1957 i Marnardal) er hjelpepleiar og aktivitør på Valle Bygdeheim, der ho har ansvar for Dagsenteret. Ho kom til Valle i 1989, då starta ho på den toårige aktivitørutdanninga på Valle vidaregåande skule.

I tillegg er ho bonde og driv Tveiten Camping saman med Olav Jan Tveiten. Dei har to barn, Knut Olav Tveiten og Tor Birger Tveiten. Ho er med i styret for Valle bygdekvinnelag, ho var med i Valle sokneråd ein periode og har vore vore med i kvinneforeninga Fjellblomen frå ho kom til Valle i 1989.

Kjelde

  • Opplyst i samtale 15. juni 2011.