Grosmyr
Hopp til navigering
Hopp til søk
Grosmyr var ein husmannsplass under garden Grosås i Iveland. Han låg rett på nordsida av fylkesvegen, nær krysset der ein nå køyrer inn til Odderstøl. Her budde folk frå rundt 1850 til 1932. Det står nokre steinmurar att på staden, men husa er borte.
Bygdebokskrivaren Aslak Fjermedal meiner at staden ikkje var husmannsplass, sjølv om han ikkje var matrikulert.
Kjelder
- Artikkelen om Grosmyr på Kulturminnesok.no
- Aslak Fjermedal, Iveland I - Gards- og ættesoge, utgjeve av Iveland bygdesogenemnd, 1955, side 52 og side 59