Grimstad
		
		
		
		
		
		Hopp til navigering
		Hopp til søk
		
		
	
Grimstad er ein kystkommune i Agder fylke. Kommunen grensar til Arendal i aust, Froland og Birkenes i nord og Lillesand i vest. Grimstad blei ladestad i 1791 og fekk bystatus i 1816. I 1971 vart dei tidlegare kommunane Landvik og Fjære slegne saman med Grimstad. Kommunen hadde 24 017 innbyggarar ved årsskiftet 2021/2022.
