Glad i Setesdal

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Glad i Setesdal er eit stykke Geir Daasvatn skreiv i Jol i Setesdal 2021.

Stykket

Glad i Setesdal!

Flåni i Valle 24. juni 2020.

Det var fotball som var mi store «greie» i ungdomen. Eg kan ikkje hugse at eg var noko spesielt opptatt av Setesdal. Med «Setesdal» meiner eg då dalen nord for Evje. Kjennskapen til dalen utanfor min eigen heimstad Evje og Hornnes strekte seg i grunnen til det eg såg når eg køyrde forbi på Riksveg 9.

I 2006 blei eg sjuk og måtte slutte i arbeidet mitt som jurist. For å ha noko meiningsfylt å gjere begynte eg å gå ut i skogen heime på tur. Eg hadde skaffa meg eit fotoapparat for å ta bilete frå fotballen i Otra IL. Det tok eg etter kvart med på turane ut i skogen også. Før dette hadde eg knapt tatt i eit fotoapparat.

Eg lærte meg nokre enkle grunntriks som raskt forbetra kvaliteten på bileta ein del. Eg trur også at eg har ein evne til å sjå og sette pris på det som er vakkert rundt meg. Så prøver eg bare å ta eit fint bilete av det eg ser, utan noko særleg meir om og men.

I 2012 kom eg i kontakt med Harald Haugland. Han hadde starta nettleksikonet Setesdalswiki 2–3 år tidlegare. Han ville ha meg til å skrive nokre artiklar frå Setesdal i leksikonet sitt. Etter kvart vart det interessant å legge inn bilete i artiklane også. «Horisonten» min blei stadig utvida, og eg kom meg lenger og lenger nordover i dalen. Til slutt – etter kanskje 4–5 år – svinga eg meg heilt inn til Bjåen. Eg fekk tatt nokre fine bilete av den utruleg vakre staden. Då må eg innrømme at hjarta var seld. Eg var blitt glad i Setesdal.

Landskapet i Setesdal er heilt fantastisk, etter mi meining. Frå det ganske rolege åslandskapet her sør hos meg i Evje og Hornnes, til det mykje villare fjellandskapet lenger nord. Ein fjelltopp, ei bru over ei elv, eit gamalt «lopt» som setesdølane vel helst seier, ein foss; ingenting av dette treng slik eg ser det å vere like høgt som Mount Everest, eller like mektig som Niagara Falls, for å vere vakkert. Det me ser rett rundt oss kvar einaste dag er verdfullt, fint og nokre gonger heilt nydeleg. Graset er ikkje alltid så veldig mykje grønare på den andre sida av gjerdet. Eg har det i alle høve aller best, og tykkjer det er aller finast, her heime i gode Setesdal.