Gjegningheia
Hopp til navigering
Hopp til søk
Gjegningheia er ein «fjelltopp» (571 moh.) sør-aust i Evje og Hornnes kommune, på heia mellom Åmland i Evje og grensa mot Iveland.
Ein kan kome til Gjegningheia ved å køyre Arendalsvegen frå Evje sentrum til skilt mot Åmland, ta til høgre der (mot sør) og køyre så langt vegen går, parkere ved bom, gå vidare på skogsbilveg eit par kilometer, og så følge merka løype til toppen. Det er ca 3,5 km frå Åmland til toppen.
Ein kan òg starte ved Myrstålmyra, ved ei gruve nede ved fylkesvegen til Frikstad i Iveland, sør for Lauvland i Evje. Det er 2–2,5 kilometer å gå frå fylkesvegen til toppen.
Kjelder
- Otra IL «Ti toppers» info-skriv
- Kommunekart.com
- Statens Kartverk sin informasjon om Gjegningheia (godkjend og prioritert skrivemåte)