Freimedalen
Hopp til navigering
Hopp til søk

Foto: Geir Daasvatn
Freimedalen er ein dal, eit par kilometer lang, inne på heia aust for Austad i Bygland. Avstanden i luftline frå Otra er rundt to kilometer. Det går skogsbilveg (bomveg) frå Fv-324 ved Velta på Austad inn til dalen og vidare austover til Hovatn. Gjennom dalen renn Freimedalsbekken, som kallast Juvebekken gjennom Juvet og nede på flata ved gardane heiter Kvernåna. I Freimedalen låg støylen Freimedalen, som også var kalla Freimestøyl.
Kjelder
- Reidar Vollen, Bygland Gard og Ætt, bind III, utgjeve av Bygland kommune, 2005, side 25–39