Frå det gamle jordbruket
Frå det gamle jordbruket er ein intervju frå 1994 av Erik Kjebekk. Den vart først publisert i heftet Minne frå ei svunnen tid, som vi har fått ta med på Setesdalswiki.
Minne frå det gamle jordbruket
Eg sit i den lune og unelege stova på Haugen hos Olav H. Haugen. Våningshuset som er svært gamalt, er godt vedlikehaldt. Olav har ikkje funne ut noko heilt sikkert om kor gamalt det er. Bestefar hans, Tarjei Bjørguson, kjøpte garden i 1889. Før han busette seg Haugen, hadde han hatt gard på Åneland, Skjeggestad og Vikstøl. Namnet Bjørguson fortel at Olav på farssida slektar tilbake til setesdalskjempa Bjørgu Uppstad som budde på Gautestad på sine eldre dagar. Mange på Evje, oppetter dalen og andre stader kan føre sine slektsrøter attende til Sigrid og Bjørgu Uppstad.
Olav bur aleine no etter at kona døydde for nokre år sidan. To av sønene med familiane sine bur ikkje mange stega frå heimen. Det kjennest godt å ha sine rundt seg når åra sig på. Eldstesonen, Hans Petter, tok over garden for fleire år sidan.
Olav har lova meg å fortelje frå årsrytmen i arbeidet på garden slik han hugsar det frå barne- og ungdomsåra.
Våronna
- Sjølv om det var meir ro over alt arbeidet i gamle dagar, så var våren ei travel tid. Først og fremst måtte me køyre ut gjødsla. Ho vart spreidd på åker og eng. Vanlegvis fødde me fire, fem kyr over vinteren. Ungdyr og hesten kom i tillegg. Det vart mykje gjødsel. I dei gamle uthusa var gjødselkjellarane små. Me måtte difor køyre ut gjødsla også både haust og vinter. Elles vart lagerkapasiteten altfor liten, seier Olav.
Naturgjødsla var viktig i det gamle jordbruket. Men Olav fortel at dei begynte å bruke kunstgjødsel på garden før han kan minnast. I mellomkrigstida kjøpte dei malen stein til gjødsel frå feltspattmylla på Evje. Likeeins frå Evje Nikkelgruve i Flatebygd. Fundamenta til gjødselfabrikken på Gruva kan me framleis sjå like attmed vegen til skianlegget. Gjødsla blei vunnen ut av det store slamdeponiet som ligg like i nærleiken.
- Mesteparten av den dyrka marka blei brukt til høyavl, ein del også til bygg. Bygget brukte me mest sjølv. Under krigen dyrka me også litt kveite. Og så hadde med sjølvsagt ein potetåker. Når veret var lagleg, måtte me skunde oss å få gjort unna våronna. Men med hest som trekkraft var me ikkje så avhengig av turr mark som dei er i dag når tunge traktorar skal ut på marka. Hesten fór skånsamt fram i skog og mark, og så var han ein slik god arbeidskamerat, legg Olav til.
Olav fortel at dei la vekt på å ha så mykje fór at dyra kunne stå inne til ut i juni. Då vart dei sende til skogs. Borna på garden gjætte. Kvar kveld måtte dei heim med kyrkje for å mjølke dei. Lenger attende hadde dei sommarfjøs. Olav meiner det måtte vere kring 1925 at dei sette opp gjerde i skogen til ein heimehage for krøtera. Her var dyra til frampå ettersommaren. Når slåtten var over, gjætte dei på slåtteteigar og i skogsmark som låg lenger heimafrå.
Øygarden til Haugen ligg i lia opp mot Duvesteinen. Framleis kan ein sjå steinar etter hustufter på øygarden, men Olav veit ikkje kva tid det stod hus der.
Ikkje langt frå Bjorvatnet men på motsett side av Arendalsvegen i retning Åvesland ser me bort på flate jorde. Folefallane heiter dette området. Tarjei tok til å dyrke myrene der, Hans, far til Olav, dyrke mest, og Olav har også dyrka tre, fire dekar. Omkring 1920 leigde Hans finnar til å grave grøfter. Mange finnar kom på den tida hit til landet for å få seg arbeid. Om vintrane hogg dei tømmer og sommarstid grov dei grøfter. Når Hans sa at dei måtte grave djupare ned i øvre enden av jordteigen, svara dei: - Det renner inte! Dei ville ha godt hall på grøftene.
Håballen
Håballen – tida fram til slåttonna – var for mange ei rolegare tid. Då laga dei mellom anna vidjeband som dei brukte til ulike slags bindverk i høytroma, til halsband og til trug for hesten. Til å tvinne vidjeband nytta dei mest bjørk og raun. Elles blei håballen brukt til å gjere i stand slåtteutstyret. Orva og rivene måtte vølast. Nye rivetinder og riveskaft blei laga. Ein måtte også kontrollere at alt hesteutstyret var i orden før det skulle takast i bruk i slåttonna.
På Haugen brukte dei dessutan mykje av tida i håballen på saga som dei åtte saman med Tellef A. Omland. Saga var plassert ved Ånelandsåna eit stykke ovafor Galteland. – Sidan ho berre vart driven med vasskraft, måtte me utnytte tida med rikeleg vassføring så godt det let seg gjere, seier Olav. – I tillegg til vanleg bygningsmateriale skar me også tønnestav. Det var lett å få selt tønnestav den gongen, legg Olav til.
Tida fram til slåttonna gjekk fort. Slik er det når ein har mykje å gjere.
Slåttonna
Frå gamalt heitte det at slåtten skulle take til 12. juli. Men brukte ein godt med gjødsel – også kunstgjødsel – var graset fullvakse før den tida og slåtten kunne dermed starte tidlegare. Den fyrste tida Olav hugsar, blei høyet turka berre på marka. Men så tok dei til å hesje. Olav meiner det må ha vore omkring 1925.
Sjølv om det vart mange tunge tak og lange dagar, gjekk slåtten likevel med liv og lyst. Borna som var reiste heimafrå, kom då gjerne heim. Dermed var dei ofte mange om å få avlinga i hus.
Far til Olav, Hans, kjøpte slåmaskin omkring 1910. – Sjølv kjøpte eg sleperive då eg tok over garden i 1949. På 1960-talet kjøpte eg ein tohjuls slåmaskin. Den var grei, særleg i brattlendt terreng.
- Heieslåtten tok vanlegvis til i byrjinga av august. På myrene og i jotene måtte me slå graset med ljå. Det var gjerne to karar som slo og ei jente som breidde. Me hadde skogløe til høyet. Å setje stakk som var vanleg mange stader, gjorde me ikkje, fortel Olav og legg til:
- Fram til eit stykke ut i siste verdskrig hadde me heieslått heilt borte på Vikstøl. Kvart år fór me dit og hausta avlinga. Dei dagane me var på Vikstølheia, budde me i hytta til Nils Galteland på Storøygard. Det hadde seg slik at bestefar min heldt igjen ein slåtteteig på Vikstøl då han selde garden der. Eit stykke ut i september, stundom før me var ferdig med slåtten på Vikstølheia, kunne barfrosten kome. Var bygget tidleg moge, fall kornskjeringa på same tida som heieslåtten. Då vart det travelt.
Vinterstid
Mange tykkjest meine at så snart bonden hadde fått avlinga i hus, låg han og drog seg på divanen frametter vinteren. Så var ikkje tilfelle i dei fleste høve. På Haugen begynte dei å køyre heim skoghøyet så snart det vart sledeføre. Det var viktig at dei gav dyra skoghøy frametter heile vinteren.
Vegen var lang frå Haugen til Vikstølheia. Dei køyrde med hest og slede om Undeland, Storøygard, Ormkjønn til slåtteteigen på Tjukklingeheia. Skulle dei rekke turen fram og attende på dagen, måtte dei take i veg så snart det lysna av dag. Olav hugsar at ein gong var dei to hestar i lag. Var føret vanskeleg, måtte dei vente til frampå vårparten før dei kunne få høyet heim. Då tok dei ut i tre, fire– tida om morgonen og kom heim att på føremiddagen. Når skaren var hard slik han gjerne er på våren med snøsmelting om dagen og kalde netter, slapp dei å bruke trug på hesten. Tarjei hadde stundom med lass med sauetalle heilt frå Haugen til Vikstølheia. Tallen blei spreidd på slåtteteigar for å få betre avling.
Den fyrste tida brukte Olav slede utan grinder. Høyet vart kjemma godt saman før han la det på sleden. Framme og bak på høylasset la han bjørkeris for å halde høyet på plass. Skoghøyet er stutt og glatt og vanskeleg å få til å ligge der ein vil ha det. Men med tre tversgåande tog, var høyet godt sikra. Han la då også bord utanfor breisleden slik at lasset vart breidt og tungt i botnen. Då hadde det ikkje så lett for å velte når dei køyrde på ein veg som ikkje alltid var slett og like lett framkomeleg.
Mange har erfart at vårknipa kan vere vanskeleg å kome gjennom. For Olav var det viktig at dei hadde nok vinterfór. Om hausten selde han aldri høy, men om våren hende det stundom at hadde noko att for sal. – Ein må aldri bli rik på høy om hausten, for då kan ein bli fattig om våren, hermar Olav etter far sin.
På Haugen åt dei morgonmat kl. 0630, dugurd – ofte soll eller graut – mellom kl.0900 og 1000, middag kl. 1200 – 1400, kaffemat kl. 1500 – 1530 og kveldsmat etter at fjøsstellet var ferdig. Skulle dei til heis, hadde dei flatbrød med i ei stor tine.
Den ein dagen fylgde etter den andre utan store forandringar. Men gardsarbeidet var ikkje einsformig. Vekslinga i arbeidet gjennom dei ymse årstidene sørgde for det.
Ingen må tru at alt i det gamle gardsarbeidet var berre idyll. Ofte var det eit slit. Fritid og ferie visste snaut gardbrukaren kva var. Men han var sin eigen arbeidsherre og kunne planlegge arbeidsdagen sjølv utan at andre la seg opp i det. Det sette mange gardbrukarar pris på.
I dag vert det mekaniserte gardsarbeidet drive på ein heilt annan måte enn det vart i gamle dagar. Men verdiar frå det gamle jordbruk så som omsorg for dyra, forsiktig bruk av ressursar og roa i heime- og arbeidsliv bør me prøve å vinne noko tilbake av. Skjer ikkje det, vil me gjere stor skade på det naturgrunnlaget som også framtidige generasjonar skal bygge sin materielle eksistens på.
- Intervju frå 1994