Hopp til innhald

Finndøla kraftverk

Frå Setesdalswiki

Finndøla kraftverk ligg på vestsida av Fyresvatnet og nyttar eit fall på 303 meter frå Gausvatnet i Fyresdal kommune i Telemark.

Det blir også overført vatn frå Votnevatni, som er regulert mellom 590 og 567 moh. og Grimvatn. Elva Finndøl er regulert som følge av utbygginga.

Til Votnevatni blir det også overført vatn frå Ulvsvatn og Kleppvatn og magasinet Øysævatn, som er regulert mellom 862 og 658 moh. samt Øyulfsvatnet. Via Haukrei kraftverk blir det overført vatn frå Hovvatn i Valle kommune.

Det er to vertikale francisturbinar i kraftverket med ein installert effekt på 104 MW. Det produserer i eit normalår ca. 321 GWh, som gjev straum til om lag 20 100 bustader.

Den fyrste maskinen i kraftverket blei sett i drift i 1972.

Å Energi Vannkraft eig 50 % av kraftverket. Den andre halvdelen eig Skagerak Kraft.

Kjelder

Kart