Fargerike Evje
Hopp til navigering
Hopp til søk

Fargerike Evje ligg i den søre enden av Evje sentrum.
Foto: Geir Daasvatn
Fargerike Evje er malerforretninga på Evje. Ho ligg midt i Evje sentrum. Selskapet vart stifta i 1993 av Arne Bjønnum. Namnet var då Fargehuset Evje. Bjønnum var dagleg leiar og styreleiar i over 20 år. Med seg i butikken hadde han kona Grete Bjønnum, Olaug Liestøl og Nadia Qvam Nilsen. Pr. 1. januar 2014 overtok dei to tilsette forretninga medan ekteparet Bjønnum vart pensjonistar.
I tillegg til malervarer fører butikken utstyr og interiørvarer. Årleg omsetning har vore om lag fem millionar, og i 2012 var resultatet om lag ein halv million kroner. Driftsinntektene i 2015 var 5,2 millionar.
Etter overtakinga 1. januar 2014 er forretninga eigd av Evje Farge og Interiør AS.
Kjelder
- Ole Birger Lien: Tar over Fargerike Evje. Artikkel i Setesdølen nr. 100, 2013 side 20
- Sigurd Haugsgjerd, - Vil fargelegge heile Evje, artikkel i Setesdølen nr. 95, 2016, side 4