Evje rulleskiløype

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Opninga av den nye rulleskiløypa 5. november 2022. Frå venstre ordførar Svein Arne Haugen, snorklyppar Lydia Frigstad og prosjektleiar Sigurd Wiberg.
Evje rulleskiløype 1. juni 2022, rett før ferdigstilling.
Foto: Geir Daasvatn

Evje rulleskiløype er ei 3,6 km lang asfaltert løype i terrenget mellom Evje stadion og Evjemoen. Størstedelen av løypa fell saman med Evje lysløype. Men det er eigne, korte sløyfer ved 1,5 og 2,5 km.

Løypa blei offisielt opna laurdag 5. november 2022. Byggekostnaden var rundt 6,5 millionar kroner. Finansieringa var spelemidlar på om lag 2 millionar, dugnad på rundt 2 millionar og eigenkapital 2,5 millionar. Det var Otra IL ved skigruppa som stod bak prosjektet. Prosjektleiar var Sigurd Wiberg.

Kjelder