Eikjåknodden

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Eikjåknodden og Sinesøyane
Eikjåknodden sett frå sør
Foto: Reidar Tveito

Eikjåknodden er ei halvøy som ligg ved Fv 304 på vestsida av Byglandsfjorden om lag seks kilometer nord for Byglandsfjord sentrum. Halvøya stikk ut i fjorden sør for Sines – over fjorden litt sør for Grendi. Området er kupert. Byglandsfjorden ligg på om lag 200 moh, høgaste kollen er på 238,5 moh.

På Eikjåknodden er det planlagt å utvikle eit felt med 19 fritidsbustader. Planområdet Eikjåknodden er på ca. 90 dekar. Om lag halvparten av arealet er vatn og strandområde ved Byglandsfjorden. Det er regulert inn 19 parsellar for fritidsbusetnad med tilrettelagt infrastruktur for veg, vatn og straum, samt 3 parsellar til kombinert fritids- og turistføremål med servicetilbod som t.d. kiosk og overnatting. Planen omfattar også småbåtanlegg med gjestebrygge og tilrettelegging for d/s Bjoren, badeplass, strandpromenade og grønstruktur med friluftsområde på land og ute i fjorden.

Planforslaget vart lagt ut til offentleg ettersyn i februar 2012 med frist til å kome med merknader innan 12. april 2012.

Bildegalleri

Kart

Laster kart ...

Eksterne lenker