Eikerapen Alpinsenter
Eikerapen Alpinsenter ligg på Eikerapen i Åseral. Driftsselskapet har rundt 120 aksjonærar. Dei fleste er hytteeigarar i området, eller har hatt hytte her tidlegare. Gjennom vintersesongen er det også hytteeigarar som driv anlegget med skiutleige, kiosksal, billettluke med vidare på dugnad. Det blir engasjert og betalt ein dagleg leiar for eitt år om gangen.
Før vintersesongen 2017/2018 blei det gjort investeringar i alpinanlegget på over 3 millionar kroner. Over 100 hytteeigarar ytte eit tilskot på kvar 30 000 kroner. Åseral kommune gav stønad på 600 000 kroner. Det kom ny barnebakke med meir brukarvenleg skitrekk. Det blei også laga ei ny skiløype med betre atkomst til toppen. Dessutan vart det sommaren 2017 gjort ein del arbeid med å sprenge stein og planere ut delar av hovudløypa.
I 2017/2018-sesongen var det rekordtidleg opning av anlegget. Det skjedde laurdag 2. desember 2017. I 2016/2017 var det ikkje opning før langt ut i januar 2017. Regnskapsåret går frå juni til juni. I 2015/2016 gjekk selskapet med eit overskot på 670 000 kroner. Den dårlege vinteren 2016/2017 gav eit underskot på 650 000 kroner. Selskapet er (2017) gjeldfritt.
Kjelder
- Jarle R. Martinsen, Uten alpint stuper hytteprisene, artikkel i Fædrelandsvennen mandag 4. desember 2017, side 3