Ei rundreise i Europa (Postludium 20171128)
Siri Johannessen tok lyarane med på ei rundreise i Europa i Postludium 28. november 2017.
Det vert ei rundreise i Europa den komande halvtimen, truleg er ein del av musikken, komponistane og orgla ikkje godt kjende. Innspelingane er henta frå album i serien «store europeiske orglar».
Fyrste stopp
er på ei øy i Middelhavet, og kyrkja me skal til ligg i hovudstaden på Balearane, Palma de Mallorca. Grenzing-orgelet i basilikaen som høyrer til fransiskanarklosteret Sant Francesc vart opphaveleg bygd av Jordi Bosch i 1772, men alt som er att av det no er skåpet og dei synlege pipene. Dette vart restaurera av Grenzing som heldt seg til dei lokale tradisjonane for orgelbygging og korleis Jordi Bosch bygde orgler.
Ved orgelet sit Arnau Reynés Florit som er æresorganist (tysk: Titularorganist) i kyrkja og professor i pedagogikk og spesifikk didaktikk (musikk) ved universitetet på Balearane. Han har spesialisert seg i orgla, komponistane og musikk på Mallorca. Her spelar han eit stykke kalla «Gaita Pastoral» frå 1900-talet som er skrive av ein ukjend, lokal, komponist. «Gaita» kan visa til ein type sekkepipe som er typisk for Spania og Portugal, og kanskje kan me omsetje «Gaita Pastoral» med gjetarsong?
Arnau Reynes I Florit spelar «Gaita Pastoral» på Grenzing-orgelet i Sant Francesc-basilikaen i Palma de Mallorca.
Stopp to
Frå varmen i Middelhavet og Katalonia gjer me eit hopp mot nordvest, til eit land med tre språk, to tydelege regionar og ein hovudstad som óg er EU sin hovudstad - Brussel. Aust i staden ligg kyrkja som på folkemunne kallas Fuglesang-kyrkja, men ho er døypt Église Notre-Dame des Grâces - Vår frue av nåden. Nok ein gong er det ei kyrkje tilknytta eit fransiskanarkloster, men denne gong er det ei ung kyrkje, ferdigstilla i 1949. Orglet er bygd av Detlef Kleuker (fødd 4. juli 1922 i Flensburg; død 15. februar 1988 i Brackwede) som studerte orgelbygging hos Emanuel Kemper i Lübeck. I 1955 tok han meisterbrev og starta for seg sjølv i Brackwede. I løpet av om lag 30 år bygde han rundt 250 orgler, og restaurerte óg fleire. Sjølve orgelfronten skal vere som ein flygande fugl, og er teikna av Jean Guillou. Olivier Messiaen har skrive eit stykke for dette instrumentet.
Organisten Keith John studerte under Ralph Downes, Bernard Roberts og Ruth Gipps ved the Royal College of Music og utvikla etter kvar ein kjærleik til den franske komponisten og organisten Jean Guillou, sin spelestil og komposisjonar. Keith John er godt kjent for ein fenomenal teknikk og korleis han med fantasi nyttar eigenskapane til instrumenta han spelar på. Transkripsjonane er ofte nytta og spela inn. No er det ikkje hans transkripsjon me får høyre, men Jean Guillou sin av Sergei Prokofievs marsj frå operaen «The Love for Three Oranges». Handlinga er henta frå eit italiensk litterært eventyr skrive av Giambattista Basile, og dette er det siste av eventyra og i det avslørar heltinna at ei anna har teke hennes plass.
Keith John spelar Prokofiev sin marsj frå The Love for Three Oranges på Kleukerorgelet i Fuglesangkyrkja i Brussel.
Stopp tre
Me held oss i områder der dei talar fransk, til det første arrondissement i Paris og ei rett gamal kyrkje - Saint-Eustache. Her fekk Ludvig XIV sin fyrste kommunion og Mozart let mor si bli gravlagd her. Orgelet skal ha vore det største i Frankrike med 8000 piper, og det vart opphaveleg laga av P.-A. Ducroquet. Det var så kraftig at Hector Berlioz' Te Deum kunne bli spela her i 1855. Seinare vart det noko endra under leiing av Joseph Bonnet. Orglet me får høyre no er utvekla av Jean-Louis Coignet under leiing av æresorganist Jean Guillou, og ferdigstilla i 1989 etter at det var mest heilt bygd opp att av orgelbyggjarane J.L. van den Heuvel frå Dordrecht.
Den som spelar på orglet er naturfotografen og organisten Roberto Bertero. Han vann «Marco d'Arola»-prisen i ein internasjonal orgelkonkurranse i det pavelige instituttet for heilag musikk i Roma, vart uteksaminera frå Giuseppe Verdi konservatoriet i Torino med laud, og har og studert under Jean Guillou i Zurich. Frå 1994 er han orgelprofessor og solist i det nasjonale symfoniorkestret R.A.I. i Italia.
Stykket Roberto Bertero skal spele på van den Heuvelorgelet er eit som mang ein som har lya på barnetimen kanskje vil kjenne att, det er frå Children's Corner Suite av Claude Debussy: «Golliwogg's Cake-walk».
Stopp fire
Så ber det attende til Balearane, til Menorca og hovudstaden Mahón som og kallas Mao. Her ligg Santa Maria-kyrkja som vart bygd i 1287 av erobraren kong Alfonso III. Den opphaveleg gotiske kyrkja har vorte forandra, og den siste restaureringa fann stad i 1772. Sveitsaren Johan Kyburz bygde orglet i 1810, og admiral Collingwood tok det med hit under Napoleonskrigane. Det har fire tastatur og meir enn 3000 piper.
Organisten, komponisten og pedagogen Michal Novenko, fødd i Praha 5. januar 1962 er den som spelar. Han studerte ved Praha-konservatoriet og senere orgel, komposisjon, direksjon og musikkteori ved fakultetet for utøvende kunst innen msikk og dans ved HAMU i samme by .Novenko fekk eit sveitsisk stipend for å studere hos Jean Guillou i Paris. I 1986 blei han professor ved konservatoriet i Praha, og er han og professor ved Universitetet i Texas.
På Kyburzorglet skal Michal Novenko spele «Sonata en Fa» av katalanaren Narcís Casanoves i Bertran (1747-1799). Casanoves gjekk inn i benediktinarordenen i 1763 og budde i eit kloster i Montserrat til han døydde. Han skrev fleire sonater i tillegg til kyrkjemusikk.
Siste stopp
Kursen går mot nord no, til Sverige og domkyrkja i Uppsala der me skal høyre Ruffatiorgelet om litt. Dette er det nyaste av dei tre orgla, bygd av brørne Ruffati frå Padua i Italia i 2008. Initiativet til det nye orgelet kom frå domorganist Lars Angerdal, formgjevinga er Tallius Myhrman Arkitekter AB sin, og fargane er kunstnaren Kjell Anderson sitt arbeid.
Andrew Canning, fødd 26. oktober 1967, kjem frå London, og han er utdanna ved Royal Academy of Music i London. I 1991 flytta han til Sverige og arbeidde i Västerås stift som organist i fem år før han vart assisterande domorganist i domkyrkja i Uppsala, og frå 2001 og universitetsorganist ved universitetet i Uppsala. I England var han mellom anna assisterande organist i Westminster Abbey, Canning har opptrådt på mange stader rundt om i verda.
Det er tre små stykke av den svenske organisten, komponisten og pianisten (1853 i Stockholm - 1918 i Knivsta). Han studerte mellom anna kontrapunkt under Friedrich Kiel og orgel under Carl August Haupt i Berlin. I 1880–1884 var han organist i den Franska reformerta kyrkan i Stockholm, og frå 1891 til han døydde organist i S:t Johannes kyrka i Stockholm, 30. januar 1892 vart han vald som medlem 484 i Kungliga Musikaliska Akademien.
Me får høyre Andrew Canning spele tre av dei 24 legender: religiösa stämningar, op 46 frå 1907, nr. 1 i d-dur, 2 i A-dur og 3 i E-dur på Ruffatiorgelet i Uppsala domkyrkje.
Kjelder
- Om Grenzing-orgelet på grenzing.com, vitja 28.11.2017.
- Dr. Arnau Reynés Florit på UIB sine nettsider, vitja 28.11.2017.
- Badische Zeitung: Arnau Reynés Florit ließ im Dom die Sonne scheinen, 24. juli 2009, vitja 28.11.2017.
- Keith John på willowhaynerecords.com, vitja 28.11.2017.
- Orglet i Saint-Eustache på van den Heuvel sin nettstad, vitja 28.11.2017.
- Award-winning Roberto Bertero to Showcase Repertoires with Pipe Organ på info.gov.hk, vitja 28.11.2017.
- Om Santa Maria-kyrkja på Menorca på nettstaden menorcaminorca.co.uk, vitja 28.11.2017.
- Bilete av orgla i domkyrkja i Uppsala, vitja 28.11.2017.