Eg la meg ned om joleptdagjen
Hopp til navigering
Hopp til søk
Eg la meg ned om joleptdagjen er eit gamlestev som Kirsten Bråten Berg kved på musikkalbumet Juletid, som kom ut i 1991. Det er spor nr. 8 på albumet og har tre strofer. Deu er henta frå Gamalt or Setesdal av Johannes Skar. Tonen er frå Setesdal etter Gro Heddi Brokke:
- Eg la meg ned om joleptdagjen
- eg ville no barre kvile
- eg vakna 'kje fyrr om trettandedagjen
- då fokkju åt kyrkjunn sill' rie.
- Eg la meg ned om joleptdagjen
- goan svemnen fekk;
- eg vakna 'kje fyrr om trettandedagjen
- då fokkju åt kyrkjunn gjekk.
- Eg la meg ned om joleptdagjen
- de' va' i so go' ein timi
- eg vakna 'kje fyrr om trettandedagjen
- då fokkju åt kyrkjunn sill' rie.
Kjelde
- Heftet som fylgjer med musikkalbumet