Du Byklehei med vatn blå
Hopp til navigering
Hopp til søk
Du Byklehei med vatn blå også kalla Bykleheisong, er skriven av Ola Breivegen. Jon Hinna sette tone til sangen.
Tekst
- Du Byklehei med vatn blå
- der Otra kviler før ho stryk
- til dals så kvite fossen ryk
- du er for meg så kjær å sjå.
- Det minner er i alt eg ser,
- fordi min vår har løynt seg her.
- Eg leikte solyr på di strand
- til vatnskvalp i solgangsvind
- med vatnet spegla nut og tind
- og gauken gol ved andre land.
- Eg all min dag må elske deg
- fordi du såleis song for meg.
- Eg såg deg og i anna ver,
- når stormen kvein og snøen dreiv.
- Da hende det eg gjekk og sveiv
- og ønskte meg langt vekk frå her.
- Men lell eg aldri var så fjåg
- som når eg dine lier såg.
- Du song for meg så mang ein kveld
- om slikt som fjellfolk eig og har;
- Om veideskog og odelsgard
- om alt som fins imellom fjell.
- Den songen vil eg gøyme på
- om eg blir krokete og grå.
- Men gladast er no songen din
- når våren spelar opp til dans
- så nuten får ein tåflekk krans
- som aukar ikring toppen sin.
- Då takkar eg dei nutar blå
- at det er her eg er ifrå.
- Då står eg i elvesjog
- og høyrer alle lier syng
- om vakna liv i gras og lyng
- og lauvsprett gjennom all min skog.
- Då sit ein gut i heimeli
- og syng eit stev for jenta si.
Kjelde
- Program for Bykle 17. mai 2009