Dreng Harstad
| Dreng Harstad | ||
|---|---|---|
| Født: | 6. juli 1908 | |
| Død: | 2. november 1982 (74 år) | |
Dreng Harstad (fødd 6. juli 1908, død 2. november 1982) var sokneprest i Heddal. Han var frå Valle, bror av Bjug T. Harstad. Foreldrene var Torleiv D. Rike (1881-1957) og Ingebjørg, fødd Aakre (1883-1964), dotter til Bjug Torleivson Aakre. Han vart i 1949 gift med Birgit Harstad, fødd Heistein 22. oktober 1917. Foreldra hennar var Gunnar Heistein (1889-?)og Margit Straume (1893-).
Dreng Harstad vart student i 1930, kandidat frå Menighetsfakultetet i 1936 og tok praktikum same året, men han vart ikkje ordinert før i 1939. Før 2. verdskrigen var han kretssekretær i Norges Kristelige Ungdomsforbund i Namdal. Frå 1939 til 1949 var han realskulelærar, men i 1949 vart han kretssekretær i Norsk Misjon blant Hjemløse i Agder. I 1951 vart han vikarprest i Agder bispedømme. Året etter vart sokneprest i Jostedal og frå 1969 var han i Heddal. Etter at han gjekk av med pensjon, vart han buande i Heddal.
Kjelder
- Presteboka 1974 side 99
- Side hos digitalarkivet.no
- Alfred Ryningen, Valle kommune IV Gards- og ættesoge Valle, utgjeve av Valle kommune, 1987, side 51,108.