DreamSurf

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
DreamSurf logo.jpg

DreamSurf var ei bedrift i Bygland som tilbaud tenester innan digital marknadsføring til verksemder og private. DreamSurf tilbaud mellom anna etablering av nettsider, oppdatering av gamle nettsider, grafisk design på nettsider og teikning av ny logo. Produksjon av film og foto, og innhald på sosiale medier, var også tenester firmaet leverte. DreamSurf sørga for at nettsidene dei laga var «søkeoptimaliserte» på ulike søkemotorar som Google etc.

Dagleg leiar i firmaet var Trond Knutsson Haugå.

I 2023 endra firmaet namn, for å drive verksemda vidare under namnet Flaks Film.

Kjelder