Djup trong
Hopp til navigering
Hopp til søk
Djup trong er eit dikt av Tormod Uleberg.
Teksten
I ljose liser var ein song
med sjølve livet veldig nære.
Hugen kjenner sterkt ein trong
til atter der i lunden vere.
Susen frå leikne vindar - milde
har fare bort frå meg i dag.
Men om eg kunne sitje stille,
kan hende kjem det nokre drag.
I mørke kveldar durar stormen -
vill og fæl og haustleg kald.
Under steinen kryp snart ormen
og spinkle blomar brest med vald.
Djupt i hjarta skjeldv ein trong
mot kvite blomar på ei myr.
Kan det hende nok ein gong
at våren kjem - sterk og yr?
Kjelde
- Setesdølen nr. 81, 1980 side 2