Den viktige matproduksjonen
Den viktige matproduksjonen var ein artikkel i Setesdølen nr. 58, 2018 av Inger Birkeland Slågedal, dagleg leiar i Norsk Landbruksrågiving Agder
Denne sommaren har vore spesielt krevjande for Agderbonden. Sol og høg temperatur sidan byrjinga av mai, og mest ikkje regn. Dette gjer ikkje «bondens lader fulle», og mangelen på vinterfôr til drøvtyggarane er stor. Dette har vore ein krisesesong, men ein har sett at bøndene er kreative med å slå kornåkrar til grønfôr, gjerde inne meir av utmarka til beite og enkelte har til og med lauva for å spare på vinterfôret. Fôrrådgivarane tilrår endring av fôrsamansetting med meir kraftfôr og pelleterte grovfôrerstattarar for å spare grovfôr. I år blir halmen frå kornhausten og frøhøyet berga og omsett som dyrefôr, ein viktig ressurs når eng og beite sviktar. Likevel er det naudsynt med kjøp av fôr frå andre landsdelar og import, og i verste fall nedslakting.
Ein skal langt tilbake i tid for å ha sett noko liknande, og i eit år utan vatn hjelper det lite med ny eng, høgtytande sortar, rett gjødsling og godt stell - tiltak som i meir normale år gjev god avling og god kvalitet. Vatning er eit tema som er blitt svært aktuelt, på same måte som grøfting blei det i fjor. I plantekulturar som potet, grønsaker, frukt og bær har dei fleste vatningsanlegg som dei har brukt mykje tid og krefter på i sommar. Likevel ser me lågare avlingar og tap for bonden også her. Vatning i korn og grovfôr er ikkje så vanleg, men fleire har sett i gong denne sommaren og klart å halde liv i noko av grasveksten. Etter to så ekstreme sesongar, må ein tydelegvis vere budd på meir skiftande vêr, ha betre beredskap i form av fôrlager både på garden og i landet, og enkle og gode erstatningsordningar som kan hindre konkursar.
Kunnskapsutvikling og rådgiving
Norsk Landbruksrådgiving Agder (NLR Agder) er ein medlemsorganisasjon for begge Agderfylka, og det er 1250 bønder som eig oss. Me driv med kunnskapsutvikling og rådgiving innan alle planteproduksjonar inkludert økologisk, økonomi, byggplanlegging, teknikk og helse, miljø og sikkerheit (HMS). Me utfører feltforsøk og testar ut nye sorter, dyrkingssystem og driftsteknikkar, og me tilbyr rådgivingsavtalar for den enkelte og grupperådgiving i form av fagmøte, faggrupper, markdagar og fagturar. Me er eit bindeledd mellom forsking og praktisk landbruk som kommer bonden til gode i form av auka avling, betre kvalitet, effektiv dyrkingsteknikk og ei betre lønsemd. NLR Agder har som visjon å gi deg som bonde i vår region framtidsretta kompetanse.
Langskotsbringebær
NLR Agder har flinke rådgivarar med spisskompetanse på sine fagfelt. Blant bønder som er medlem hos oss og bruker oss aktivt, er Kåre Dybesland i Brennåsen, Songdalen kommune. Han driv allsidig planteproduksjon med tidlegpotet, korn, jordbær og bringebær, og ikkje kva som helst slags bringebær - han er ein av fire gardar på Agder som nå har, eller skal starte med longcane bringebær, eller langskotsbringebær på norsk. Dette er ei ny og lønsam dyrkingsmetode i Norge med produksjonsklare langskot av bringebær som pottast inn om våren og gjev god avling same sesong - sokalla substratdyrking. I Europa er denne dyrkingsteknikken godt kjend og her i Agder kom fleire produsentar i gong i fjor.
Produksjonen går føre seg i tunnel og for lønsemda er det viktig å ha fokus på faktorar som plantekvalitet, innpotting, substrattype, mengde og kvalitet av vatn, gjødsling, oppbinding og val av sorter.
Norsk matproduksjon
Norsk matproduksjon er i stadig utvikling og dette er eit fag som krev at ein heng med i svingane, både dyrkingsteknisk og i forhold til vêr og vind. Dronar, robotar og appar er i skotet og er på full fart inn i landbruket, men likevel ser ein at bondevetet er viktigast. «Som du sår skal du hauste», ifølge Bibelen, og resultatet blir absolutt best når det ligger kunnskap og erfaring til grunn. Det gjeld alt innan landbruk; vite kva ein gjer, ha ein god plan, følge gode råd og gjennomføre planen.