Den Gamle Gaard

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Det gamle setesdalshuset der Den Gamle Gaard held til.
Den Gamle Gaard 27. september 2025.
Foto: Geir Daasvatn

Den Gamle Gaard er ei høgfjellskro og eit selskapslokale på Hovden. Kroa er open kvar helg gjennom vinteren, med unnatak for helger der det er private arrangement.

Bygningen er eit tradisjonelt lafta setesdalshus. Det har årestove i eine enden og skåp og kvile med peis i nystova. Her blir det dekt bord til opp til 30 gjester, men i uformelle høve der også årestova nyttast, kan ein ha fleire gjester. Vertskapet kan også ordne med underhaldning, til dømes felespel eller folkesong.

Kjelder