Då matros Oskar Austenå frå Evje vart torpedert i Sør-Atlanteren

Då matros Oskar Austenå frå Evje vart torpedert i Sør-Atlanteren er ein artikkel frå 1995 av Erik Kjebekk. Den stod i heftet Minne frå ei svunnen tid, som vi har fått legge ut på Setesdalswiki.
Då matros Oskar Austenå vart torpedert i Sør-Atlanteren
I grålysinga 12. februar 1941 fekk mannskapa på dei fremste skipa i ein konvoi på veg frå Freetown i Vest-Afrika til Storbritannia auge på eit stort krigsskip i synsranda. Konvoien var utan sjømilitær eskorte. M/S Borgestad frå Porsgrunn med kaptein Lars Grotnæss var leiar for denne konvoien på 19 skip Om bord i M/S Borgestad var også ein matros frå Evje.
I konvoien var det britiske, greske og tre norske skip. Fleire av skipa hadde fått påmontert små kanonar. Borgestad hadde ein fire tommars antiubåtkanon. Men kva kunne han utrette mot eit stort krigsskip?
Mannskapa på skipa i konvoien vona i det lengste at dei hadde fått auge på eit britisk krigsskip. Men der tok dei feil. Det tyske panserskipet Admiral Hipper hadde fått melding om å gå til åtak på Borgestad og dei andre skipa i konvoien. Hippert starta eldgjevinga på 2500 meters avstand.
Davids kamp mot Goliat
Kaptein Grotnæss må tydelegvis ha skjøna alvoret dei var komne i. Han var utan tvil klar over at mannskapet om bord på pansarkryssaren tok sikte på å skyte samtlege skip i konvoien i senk. I tråd med instruksjonen har nok kapteinen på Borgestad gitt ordre til dei andre skipa om oppløysing og spreiing av konvoien. Fleire av skipa fekk også snudd og stukke av. Borgestad gav ikkje opp utan kamp. Kaptein Grotnæss visste nok at Borgestad sin lagnad var besegla, men dersom han opptok kamp, kunne kanskje fleire av dei andre skipa i konvoien sleppe unna.
Medan det vesle lasteskipet og den store pansarkryssaren nærma seg kvarandre under heftig eldgjeving frå Hipper, ladde og skaut kanonmannskapet på Borgestad med sin kanon det beste dei vann, heilt til Hipper fekk inn ein fulltreffar. Borgestad med eit mannskap på 30 mann og ei kvinne forsvann i havsens djup. Davids kamp mot Goliat hadde halde på til skipa berre var om lag 300 meter frå kvarandre. Hipper fekk senka sju av dei 19 skipa. Men 12 skip slapp unna. Den heltemodige innsatsen til mannskapet på Borgestad var ei viktig årsak til at ikkje heile konvoien gjekk under.
Matros Austenå frå Evje
Oskar Austenå frå Evje var ein av mannskapet som gjekk ned med Borgestad den tidlege vintermorgonen i Atlanterhavet. Eg har fått bror hans, Erling Austenå, til å fortelje litt om bror sin:
- Etter konfirmasjonen gjekk Oskar eit kurs på skuleskipet Sørlandet. Så fekk han hyre om bord på eit skip som sigla i utanriksfart. Fyrste reisa varte mest tre år. Eigentleg ville han då ha vore heime og fått seg arbeid her. Men det var umogeleg. Sidan han var sjømann, meinte ein at han måtte finne seg arbeid i dette yrket.
- I 1939 kom han med båt til Porsgrunn. Rederiet han sigla for, heldt til der. Då ville han ha reist heim, men så fekk seg eit nytt hyre med så god løn at han tok ut igjen. Far prøvde å kome i kontakt med han for å få han heim, men han vart for sein. Skipet hadde alt sigla til havs.
- Bror vår, Olav, hadde brevkontakt med Oskar til krigen braut ut, då vart kontakten broten. Ein dag frampå våren 1941 kom sokneprest Kvamsdal heim til oss. Han fortalde far og oss syskena at Oskar var død. Men Kvamsdal visste ikkje noko meir enn at skipet med heile mannskapet var gått ned.
- Eg hugsar den dagen som det skulle ha vore i går, seier Erling stilt. – Det var for oss alle ein tung bodskap å få. Tyngst var det naturlegvis for far som hadde mista ein kjær son. Han tenkte på at hadde han berre kome litt tidlegare til Porsgrunn i 1939, hadde kanskje Oskar fylgd han heim. Oskar likte seg ikkje særleg godt på sjøen, men det var altså vanskeleg for han som var sjømann å få arbeid på landjorda.
Erling Austenå sørgde over tapet av Oskar. Dei som var tilstades då minnebautaen ved Evje kyrkje vart avduka den 27. oktober 1947, hugsar kanskje at då den offisielle minnestunda var over, kom Eivind Austenå fram til bautaen med ein krans. Og så gret han. Tapet av sonen var tungt å bere.
Oskar Austenå vart post mortem tildelt St. Olavs medalje og Haakon VII's 70 års medalje.
Jørgen Kristian Tambini og Torleif Engenes Jensen
På minnebautaen ved kyrkjene i Evje og Hornnes står namna på to menn til som mista livet på sjøen i andre verdskrigen: Torleif Engenes og Jørgen Kristian Tambini.
Tambini reiste i unge alder over til Blomkvist i USA. Her vart han gift. Han var sjømann og arbeidde om bord i eit skip som var med i konvoifart til Murmansk. Denne konvoiruta starta opp hausten 1941. Mørket og ekstreme vertilhøve hjelpte dei fyrste konvoiane relativt uskadd fram.
Men frampå vinteren og våren 1942 var tyske slagskip, ubåtar, jagarar og fly på plass i Nord-Noreg for å gjere åtak på konvoiane. Det lukkast dei så godt med i den lyse årstida at konvoiane frå då av berre kunne segle i mørketida.
Konvoiane til Murmansk blei stort sett samansette av amerikanske og britiske skip, men eit par norske tankskip var også med. Kva nasjonalitet skipet Tambini segla med, hadde, veit eg ikkje. Truleg var det amerikansk. Skipet forliste i februar 1942.
Torleif Engenes drog til sjøs berre 16 år gamal. Skipet han var om bord på, blei liggjande i Nord Afrika då krigen braut ut. Torleif fekk rømt i ein liten båt og kom til Sevilla. Her mønstra han om bord i det norske skipet Fidelio. 9. november 1940 låg Fidelio saman med fleire andre skip i ballast utanfor austkysten av England. Brått vart dei angripne av fire tyske motortorpedobåtar. Tyskland hadde mange av desse båtane som opererte på austkysten av England og i Kanalen.
Dei tyske båtane sende ei salve med torpedoar mot handelsskipa. Ein britisk båt vart skadd og bakparten av Fidelio blei sprengt i lufta. Sju mann som hadde lugaren i bakparten av skipet, gjekk med i åtaket, mellom dei Torleif Jensen. Resten av mannskapet kom seg i livbåtane, men dei såg ikkje livsteikn til kameratane då skipet sokk. Torleif Engenes døydde berre 19 år gamal. Det er ein ung alder å døy i. Men nettopp så brutal er krigen.
Krigsseglarane gjorde ein stor innsats
Desse tre krigsseglarane frå Evje og Hornnes fekk ei våt grav på havet. Nokre overlevde krigen og er framleis mellom oss. Kva krigsseglarane blei utsette for av påkjenningar, kan me ikkje sette oss inni. Den konstante otten for å bli torpedert, råka av ei mine eller bomba frå lufta, må ha vore ei kolossal psykisk påkjenning. Også dei fysiske påkjenningane var mange gonger store når storm og uver sette inn.
Dei mange norske sjøfolka på forskjellige skip gjorde ein stor innsats under krigen. Deira innsats er dessverre blitt altfor lite påakta og verdsett i etterkrigstida. Må bør ikkje gløyme at i den store samanhengen var det ikkje på noko anna område det vesle Noreg gjorde ein slik innsats som på havet.
Stykket er skrive i 1995