Hopp til innhald

Bykle vaskeri

Frå Setesdalswiki

Bykle vaskeri er eit profesjonelt vaskeri som leverer tenester etter Norske Vaskeriers Kvalitetstilsyn sin bransjestandard. Verksemda har i oppstarten (2023) fem stillingar for personar som har, eller ventar på å få, innvilga uføretrygd. Stillingane er tilrettelagte med omsyn til arbeidsoppgåver og arbeidstid. Arbeidsleiar er Åshild Bryggeså.

Vaskeriet er eigd av Bykle kommune og blir drive av Setpro. NAV Agder er også ein samarbeidspartnar.

Frå starten av hadde Bykle vaskeri oppdrag for Bykle alders- og sjukeheim, men frå 2025 kom også Bykle Hotell på kundelista.

Kjelder