Bygland, Evje og Hornnes kulturskole

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Frå juleforestillinga til kulturskulen i Evjemoen kino 15. desember 2015.

Bygland, Evje og Hornnes kulturskole er ein interkommunal kulturskule for dei to kommunane, oppretta i 1998. Evje og Hornnes er vertskommune for ordninga.

Administrativt ligg kulturskulen under eining for kultur i Evje og Hornnes kommune. Kulturskulen har f.o.m. 2010 inspektør i 50% stilling, som har ansvaret for den daglege drifta. I 2015 var dette Thomas Stanghelle. Avdelingsleiar i 2023 er Anette Moe-Kittelsen Samla stillingsressurs i 2015 var om lag 2,79 årsverk. Evje og Hornnes hadde då om lag 2,03 årsverk, medan Bygland hadde om lag 0,76 årsverk.

Sju lærarar underviste i 2015 i kulturskulen. Undervisningsstillingane var frå 5% til 60%. I 2023 er det fire kulturskulelærarar.

Kulturskulen hadde i 2015 rundt 130 elevplassar, fordelt på 100 i Evje og Hornnes og ca. 30 i Bygland.

Kjelder

Eksterne lenker