Brurehesten

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Cover til Brurehesten

Brurehesten er eit musikkalbum med Sigrid Kjetilsdotter Jore. Det vart lansert på Landskappleiken 2016, men hovudlanseringa var fredag 5. august 2016Setesdalsfestivalen 2016.

Frå pressemeldinga ved lanseringa

Sigrid Kjetilsdotter Jore frå Valle i Setesdal er A-klassekvedar, og har hatt Kirsten Bråten Berg, Ingebjørg Vegestog Homme, Birgit Rike Lund og Øyonn Groven Myhren som læremeistarar. Plata Brurehesten er noko så sjeldan som ei nesten heilt rein kvedarplate. Utgjevinga er likevel dynamisk med innslag av unison song med ulike gjesteartistar, korte talesekvensar og endåtil slåttetromme.

Dette er ein CD med den gløymde songen frå Setesdal: middelalderballadar, viser og gamlestev. Den levande tradisjonen i Setesdal er rik, og Sigrid har vore så heldig å få vekse opp i eit miljø med mange kvedarar rundt seg, både eldre og jamnaldra. Ho har fått lære av Kirsten Bråten Berg frå barnsbein av, og etter kvart fått sitje heime i stoga til Ingebjørg Vegestog, Birgit Rike Lund med fleire, og få stev, bånsullar, religiøse folketonar, ei og anna vise saman med ein tekopp og ei triveleg stund.

Med skrekkblanda fryd gav ho seg inn på eit ukjend territorium som student på Noregs musikkhøgskule: Notedenskrifter etter folkeminnesamlaren og spelemannen Knut Jonson Heddi. Med liv og lyst gjekk ho gjennom KJH sin Liv og leikar, med god hjelp frå kvedelærar og inspirator Øyonn Groven Myhren. Ho var òg heldig og fekk servert notenedskrifter gjort av andre innsamlarar. Ganske fort vart det overordna målet klart: å utvide repertoaret i kvedinga i Setesdal! Tradisjonen er som sagt rik i utgongspunktet, og då spesielt innan nystev og religiøse folketonar. Men på 1800 talet ”tok det heilt av” med nystev i dalen, og det har nok «pressa ut» ein god del av det eldre materialet. Det er dette materialet ho har funne mykje av i notenedskrifter. Dette er det ho har med på CDen.

Sporliste

  1. Smeden 0:55
  2. Ingen fugle 0:57
  3. Vene bruri 0:30
  4. Faremoans brureslag 02:54
  5. Den fatige 01:09
  6. Bendik og Årolilja 02:41
  7. Olav Torson 01:27
  8. Drykk 01:43
  9. Agnus Dei 02:53
  10. Eg elskar kvila 0:35
  11. Et minne dypt 02:30
  12. Halvor Huse og Anne Kvaale 0:27
  13. Grevevisa 03:57
  14. Fløytestev 00:50
  15. Eg drøymde 00:59
  16. «Kjærligheits Visæ» 02:23
  17. Ein Frøyrak 00:31
  18. Margjit og Jon i Vaddelio 05:45
  19. Rauneberi 00:33
  20. Kjem du ti meg 00:29
  21. Ungdom 00:54
  22. Falma 01:40
  23. Håvor Heddi 02:40
  24. Tarjei Fokkjisson 03:03


Kjelder