Blueslaurdag 2015

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Blueslaurdag 2015 vart arrangert på Ose 4. juli 2015. Arrangementet samla eit publikum på nær 300. Det var tolvte gong blues-laurdag vart arrangert. Sjølv om budsjettet var noko redusert, deltok nokre av dei beste bluesmusikarane i Norge på arrangementet. Frå Sverige kom Palle Wagnberg. Spellemannsprisvinnar Kjetil Grande, Robert Strandberg, Per Fredriksen, Eirik Bergene, Øyvind Stålefjell, Lene Tønnesen og Anette Larsson var norske musikarar dette året saman med Johnny Augland, som kvart år har organisert denne dagen saman med kona Julia Stray, drivaren av Ose Turistheim.

Kjelde