Bjøro Håland

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Bjøro HålandSymbol unrelated.svg
Bjøro Håland Evje dagene 180616.jpg
Bjøro Håland på Evjedagene 18. juni 2016.
Født: 6. oktober 1943 (82 år)

Bjøro Håland (fødd 6. oktober 1943) er ein norsk songartist, mest kjend frå country-sjangeren.

Bjøro Håland blei fødd på garden Håland i Grindheim i Audnedal kommune, og vaks opp der saman med dei fem søskena Anni, Harald, Kjell, Aud Solveig og Klara. Debuten på scena skal han ha gjort då han var fem år gamal. Då han var 17 år, reiste han til USA. Der jobba han som snekkar og song i barer. Han møtte kona si Liv i Brooklyn, New York. Dei flytta attende til Noreg i 1966. I fleire år budde dei på Vigeland i Lindesnes kommune. Seinare flytta dei til Kristiansand. Liv gjekk bort 14. september 2021. Dei har borna Nina og Arne saman.

Den første plateinnspillinga til Bjøro var i 1970. Til saman har han gjeve ut 22 album, som er seld i fire millionar eksemplarer. Liv og Bjøro Håland er initiativtakarar til musikkfestivalen Dark Season i Kristiansand.

Bjøro Håland vart utnemnd til riddar av 1. klasse av Den Kongelige Norske Fortenstorden i 2012 «for sitt arbeid med å fremme de mellomfolkelige forbindelser mellom Norge og USA, særlig innen musikk».

Laurdag 18. juni 2016 heldt Bjøro konsert under Evjedagane 2016. Laurdag 24. september 2022 var han med på 35-års jubileumskonserten til Musikkverkstedet Byremo i Byremohallen i Grindheim. Her blei han også tildelt Musikkverkstedet sin heiderspris.

Kjelder