Hopp til innhald

Birkeland (Bygland)

Frå Setesdalswiki
Birkeland, på austsida av Otra, 30. mai 2026. Langeid på andre sida.
Bnr. 1 på Birkeland sommaren 2015. Tarald Steinson Birkeland var den siste som budde fast på Birkeland, i nokre år rundt 1970. I dag er bruket nytta som fritidseigedom.
Foto: Geir Daasvatn
Nedlagt bruk (bnr. 4) på Birkeland. Eigar (2017) er Tora Mosdøl Tveiten.[1]
Foto: Geir Daasvatn

Birkeland (Bygland gnr. 1) er ein gard på austsida av Otra, lengst nord i Bygland. På andre sida av elva ligg Langeid. Garden er samla i eitt stykke. I vest grensar han til Otra, i nord mot Straume i Valle, og i aust og sør mot Søndre Sordal.

Namnet

Birkeland er eit vanleg gardsnamn i Sør-Noreg. Til dømes er det ein Birkeland-gard i Evje og Hornnes. Namnet skriv seg frå treslaget bjørk, altså ein stad der det veks bjørk.[2]

Historie

Det er registrert fornminne på Birkeland, mellom anna 16 gravrøyser som no er borte. Fornminna skriv seg truleg frå førkristen tid. Sett i samanheng med land-namnet, ein type gardsnamn som forskarane meiner stammar frå folkevandringstida, kan garden truleg ha kome til frå år 400–600 e.Kr.[3]

I Bygland gard og ætt skriv Reidar Vollen at garden må ha blitt nedlagt som eigen gard. Truleg vart han lagt øyde før den store nedgangen rundt midten av 1300-talet. Sidan kom garden under nabogarden Sordal, og blei nytta som støyl og utmark. I åra rundt 1630–1640 blei Birkeland eigen gard att.[4] Dei første brukarane ein kjenner til var Orm Tellefson Birkeland (født ca 1599, død ca 1668) og Notto Tellefson Sordal (født ca 1605, død ca 1673).[5]

Referansar

  1. ↑ Opplysningar i grunnboka på nettsida til Statens Kartverk
  2. ↑ Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind 1, utgjeve av Bygland kommune, 2002, side 17
  3. ↑ Bygland gard og ætt, B1, side 17
  4. ↑ Bygland gard og ætt, B1, side 19
  5. ↑ Bygland gard og ætt, B1, side 26 og 60

Kart