Bertelsen & Garpestad

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Nokre av folka frå Bertelsen & Garpestad som arbeidde på Fylkesveg 42 i Hovlandsdalen i Evje og Hornnes 2018-2019. F.v. prosjektingeniør Håkon Kvia, prosjektleiar Kenneth Pettersen, driftsleiar Jone Ørjansen, stikningsleiar Jone Hovland og stikningsingeniør Nicolai Laursen.

Bertelsen & Garpestad eit entreprenørselskap (AS) i BG Gruppen, med hovudkvarter i Egersund i Rogaland. Bertelsen & Garpestad har drive i entreprenørbransjen sidan 1959. Dei omset årleg for rundt 900 millionar kroner, og har 190 tilsette. Deira største oppdrag er bygging av veg for det offentlege. I tillegg har dei oppdrag med boring, sprenging og masseflytting i fleire steinbrot, kraftanlegg samt opparbeiding av bustadfelt og næringsareal. Oppdraga er fordelte over heile Sør-Noreg.

I 2018-2019 var Bertelsen & Garpestad totalentreprenør på den nye veglina på Fylkesveg 42 mellom Tveit og Lislevand, heilt aust i Evje og Hornnes.

Kjelder