Bautastein Rike
		
		
		
		
		
		Hopp til navigering
		Hopp til søk
		
		
	
Bautastein Rike er ein bautastein på Rike i Valle. Den er 1,45 meter høg, bortimot firkanta, sidene er 25-30 centimeter. Toppen er muligens avbroten. 80 centimeter frå toppen er det ein innstevring. Her er steinen broten og bolta saman att. Steinen er gråstein og mosedekka.
Tradisjonen seier at dette er gravsteinen til Einar (rudkall), rydningsmannen som rydda garden.
Tidlegare stod steinen 7-8 meter aust for noverande plassering, men ein gong på 1800-talet vart han flytta. Då dei ville rulle han bort til huset, brakk han i to. Den vart då lagd i grunnmuren på våningshuset og der låg den til om lag 1920. Då vart han teken fram og sett opp på noverande plass.
Kulturminne
- Som kulturminne frå førreformatoriske tid er bautasteinen automatisk freda.