Bassengvegen
Hopp til navigering
Hopp til søk
Den bratte Bassengvegen til venstre, med Tingbergvegen til høgre.
Foto: Geir Daasvatn
Bassengvegen er ein veg i Tingbergheia bustadfelt på Evje. Han tek til frå Arendalsvegen, og går bratt oppover i sør-austleg retning til den øverste enden av bustadfeltet. Ved enden av vegen har teknisk etat i Evje og Hornnes kommune eit basseng som er eit ledd i vannforsyninga i Evje tettstad.
Bassengvegen er stengd for gjennomkøyring med bil, men er mykje brukt som gang- og sykkelveg mellom anna for borna på veg til skulane på Sindremoen.