Bandvev

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Ein bandvev vert nytta til å veve ulike band som høyrer til drakttradisjonen i Setesdal.

Bandveven er laga som ei firkanta treramme, om lag 150 cm høg og 70 cm brei. Teknikken med å veve band i plukkebandsteknikk går langt attende i tid, der kunnskapen vart vidareførd frå mor til dotter. Band og belte var eit viktig og praktisk tilbehøyr til drakta, så det var noko «alle» måtte kunne. Bandvevar var på mest kvar einaste gard, og utforminga var den same.

I nyare tid har bandvevinga teke seg oppatt. Fleire har skaffa seg bandvev. Veven har no fått «føter». Då kan han stå fritt i romet og er lettare å finne plass til.

Kjelder