Bøylefoss kraftverk

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Bøylefoss kraftverk 22. mars 2023.

Bøylefoss kraftverk er eit vasskraftverk ved Bøylefoss i Nidelva i Froland kommune i Agder. Installert effekt er 65 MW fra 8 francisturbiner. Årsproduksjon er 400 GWh. Bøylefoss er den største av dei 15 kraftstasjonane i Arendalsvassdraget. Eigar er Arendal Fossekompani.

Nidelva er demd opp ved Haugsjådammen, og kraftverket nyttar fallet forbi Kastefossen og Bøylefoss. Vatnet går i tunnel frå dammen mot kraftverket, og i røyrgate ned til kraftstasjonen.

Bøylefoss kraftverk sto ferdig i 1913, og leverte gjennom heile 1900-talet straum til to store industribedrifter på Eydehavn, rundt 12 km unna.

Kjelder

Kart