Bø Der nede (Bygland gnr 66 bnr 2)
Hopp til navigering
Hopp til søk

Foto: Geir Daasvatn

Foto: Geir Daasvatn
Bø Der nede er eit nedlagt gardsbruk (gnr. 66 bnr. 2) i garden Bø på vestsida av Byglandsfjorden i Bygland. Bø Der nede ligg lengst sør av dei tre hovudbruka i garden. Bjørg T. Mykland (f. 1943) var heimelshavar i 2017.
Det står eit gamalt og spesielt bur på bruket. Det har to inngangsdører, og ei form som ikkje var så vanleg då det blei bygd.
Historie
Frå gamalt av var bnr. 2 det største bruket (to huder). Gunni Bø er nemnd som eigar i 1612 og 1624. Det er første eigaren ein kjenner namnet til.
Kjelder
- Grunnboka hos Statens Kartverk
- Reidar Bolling, Gards- og ættesoge for Bygland, 1952, side 425-426