Austad Gama

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Austad Gama er ei foreining som arbeider for å fremje ei positiv utvikling i Austad sokn i Bygland. Foreininga blei formelt skipa i 2015. Styreleiar (2024) er Ragnhild Sordal.

Austad Gama var (saman med andre) med og finansierte trykkinga av Vilborg Stubseid Hovet si bok Ein historisk stad. Liv og lagnad i Austad sokn, som kom ut før jol i 2024. Ei arbeidsgruppe i Austad Gama, Knut A. Austad, Torhild Austad og Andres Helle, stod i bresjen for å få restaurert kyrkjeborga på Austad gamle kyrkjegard. Det arbeidet gjekk føre seg i åra 2022–2024, under fagleg leiing av Eystein Greibrokk.

Kjelder